[Mini reiser / Mini travels] [Fritid / Spare time] [Nasjonaldag / National day] [Dyr / Animals]
| Mini reiser frå / Mini travels from til / to Links to the schools. |
![]() |
Vinter. På vinteren snør det masse. Me kan gå på ski. Me kan renna på akebrett. Me feirer jul på vinteren. Då får me pakkar. Det er kjekt å få pakkar. Me ser ein del på TV med jul. Då er det eit kjekt program på barne-TV. Det heiter "Jul i Blåfjell". På vinteren må me kle godt på oss. Det kan vera heilt ned i -20 grader. Vinteren byrjar i desember og sluttar i mars. Vår. Våren byrjar i april og sluttar i mai. I april veks snøklokkene opp av snøen. Etter 17. mai kjem sommaren. I slutten av mai blir vatnet litt varmt slik at me kan bada. Sommar. Om sommaren er det varmt. Då kan me ha inntil 30 varmegrader. Me kan bada i sjøen og me har ferie i 7 veker frå skulen. Då reiser me på turar. Det er sommar i juni og juli. Haust. I august kjem hausten. Blada på trea blir gule og orange. Dei dett på bakken.Det blir kaldt om morgonane når me går til skulen. Det kan komma snø i september. |
![]() |
Winter. Spring. Summer. Autumn. |